Vi står midt i julestria og snart på terskelen til eit nytt år. Då er det ikkje unaturleg å sjå seg tilbake og summere opp litt. 2022 har vore eit spennande år, men og utfordrande. Mange er bekymra for økonomien då det aller meste av det vi treng i kvardagen har hatt ei stor prisauke. Vi håpar å ha nådd toppen snart.
Dette året har vi vore til stades på fleire store arrangement som Dyrsku'n i Seljord og Nordiske Jakt og Fiskedagar på Elverum. Dette er viktige arenaer for oss. Likeeins messa på Lillestrøm. Det er og gode møteplassar for å treffe medlemmane våre.
I 2023 er det både landsstyremøte og landsmøte. Eg ser fram til gode samtaler med tillitsvalte. Og så er det Nordisk Caravan Treff i Arendal i starten av juli. Eg er helt sikker på at det vert fantastiske dagar på Hove leirsenter på Tromøya. Dette området er berre så flott og idyllisk, ein skikkeleg sørlandsidyll. Dette må du berre få med deg. Eg håpar å sjå deg der.
Eg vil takke alle for det gode samarbeidet som har vore i året som snart er omme og ynskjer dykk ei riktig god og fredeleg jul, og eit nytt og spennenande camping-år. |
---|